<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=481164012244046&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">
Torgils_Bryn_Voss

Møt våre tilsette – dette er Torgils

I Magnus Legal er vi heldige som får jobbe med mange talentfulle og hyggelege kollegaer. I dag presenterer vi «the boss from Voss» – møt Torgils Bryn!

I Magnus Legal er vi heldige som får jobbe med mange veldig talentfulle og hyggelege kollegaer. I dag presenterer vi «the boss from Voss» – møt Torgils Bryn!

Kvifor vart du advokat?

Under jusstudiet fekk eg interesse for skatterett og selskapsrett. Det var difor naturleg å søkje seg inn i skatteetaten, der eg arbeidde i nokre år med skatt og meirverdiavgift. Deretter vart eg i 1995 tilsett som advokatfullmektig i Deloitte Advokatfirma, og frå då var det aldri tvil om at det var advokatløyvet som var målsetninga. Etter 25 år med forretningsjus har eg aldri sett meg tilbake.

Kva jobbar du med?

Eg arbeider mest med eigedomsutvikling, der målsetninga er å utarbeide gode modellar for utbyggar som sikrar lønsemd og ein tvistefri kvardag. God planlegging av forretningsstruktur og avtaleverk er då ein føresetnad. I tillegg blir det ein del arbeid med transaksjonar, herunder utarbeiding av avtaleverk og oppgjer ved gjennomføringa.

Kva brenn du for (i jobb?)

Det er spesielt kjekt å gjennomføre gode forhandlingar, både når det gjeld forretningsavtalar og i tvistesaker. Det er som utgangspunkt ingen god løysing å gå til domstolane med uløyste tvistar. Det er vidare kjekt å sjå at nytilsette utviklar seg i jobben og lærer seg advokatfaget.

Kva er det mest spennande som har skjedd på jobb denne veka?

Det må vera at Christina ved Stavangerkontoret vart 40 år og farga håret rosa. 😊🎀

Kva likar du med Magnus Legal?

I Magnus Legal er det rom for individuell tenking og eigne initiativ. Gjennom inbound marketing har alle like føresetnader til å skaffe eigne kundar og relasjonar på sine spesialfelt. Det er vidare låge skuldre, men likevel konkurranse om å gje gode leveransar til kunden. Nøgde kundar blir verdsett, og er ein viktig del av leveransen.

Kva gjer du helst i fritida?

I fritida har eg til no likt å fulgt opp tre ungar i alpint og fotball. ⚽ Når den yngste no utøver førstegangstenesta, og eg får betre tid for meg sjølv er det ski, trening og friluftsliv ved sjøen og til fjells som står høgast på dagsorden. ⛷️⛵😉

Meir om Torgils Bryn

Bloggar Torgils har skrive

Torgils bilde 2-1

Her på fotballkamp i Praha med gode kolleger frå Bergen og Oslo. 

Få e-post om nye innlegg

Vi blogger om praktiske problemstillinger med tema i grenseland mellom jus og økonomi.

Vi tar opp utfordringer og spørsmål knyttet til lover og regler som får konsekvenser for din virksomhet og arbeidshverdag. 

Nye blogginnlegg publiseres jevnlig, så om du vil holde deg oppdatert,  registrer deg her for varsling på epost.