<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=481164012244046&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">
Revidert nasjonalbudsjett 2021 - Skatt på villfisk

Revidert nasjonalbudsjett 2021 - Skatt på villfisk

Regjeringa føreslår innføring av ei fiskal avgift på fyrstehandsomsetjing av viltlevande marine ressursar (villfisk).

 

Den 11. mai 2021 la Regjeringa fram fleire endringsforslag innanfor skatt- og avgiftsområdet i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2021.

Mellom anna føreslår Regjeringa å innføre ei ny avgift på viltlevande marine ressursar (villfisk).

Kontakt med ekspert?⚖️🐟

Skatt på villfisk

Regjeringa føreslår innføring av ei fiskal avgift på fyrstehandsomsetjing av viltlevande marine ressursar (villfisk). Forslaget følgjer med dette opp oppmodinga Stortinget kom med i 2020, der Regjeringa vart beden om å føreslå ei avgift på villfisk. Bakgrunnen er at kvotane som fiskefartøya vert tildelt er basert på fellesskapet sine ressursar, og at det er naturleg at dei som får desse tildelingane også bidreg noko meir til fellesskapet.

Avgiftssatsen skal vere 0,42 % av avgiftsgrunnlaget. Dette er brutto salsbeløp, minus sektoravgifta som skal betalast til fiskesalslaget. All omsetning av viltlevande fisk i Noreg skal som kjent skje gjennom eit godkjent fiskesalslag, og det er i dette leddet avgifta skal krevjast opp.

Førebels er det berre norske fartøy som skal vere omfatta av avgiftsplikta. Utanlandske fartøy som landar fangst i Noreg, er i denne omgangen ikkje pålagt å betale avgift. Bakgrunnen er mellom anna at det er utfordrande å krevje opp avgift frå utanlandske fartøy.

Les også: Revidert nasjonalbudsjett – Merverdiavgift og særavgifter

Rapportering m.m.

Avgifta skal rapporterast kvartalsvis, med leveringsfrist ein månad og 18 dagar etter utløpet av skattleggingsperioden. Salslaga og mange andre høyringsinstansar ventar utfordringar knytt til dei etter måten mange korrigeringane på grunn av reklamasjonar, etterbetaling grunna gode eksportprisar m.m. Svaret frå Departementet på denne utfordringa er at ein ved retting av for lite eller for mykje rapportert avgift, skal nytte eigne tilleggskodar i skattemeldinga, ikkje sende eigne endringsmeldingar.

Regjeringa føreslår at avgiftsvedtaket tek til å gjelde frå 1. juli 2021, og at all fangst som er omsett etter denne datoen vert omfatta. Fangst som er teke opp før denne datoen, men omsett etter 1. juli, skal det dermed reknast avgift på.

Se vår oppsummering her: Skatt og avgift i revidert nasjonalbudsjettet 2021 - oppsummering

Vil du vite mer? Kontakt oss gjerne i dag for en uforpliktende samtale!

 

Få e-post om nye innlegg

Vi blogger om praktiske problemstillinger med tema i grenseland mellom jus og økonomi.

Vi tar opp utfordringer og spørsmål knyttet til lover og regler som får konsekvenser for din virksomhet og arbeidshverdag. 

Nye blogginnlegg publiseres jevnlig, så om du vil holde deg oppdatert,  registrer deg her for varsling på epost.